Kaffi, papir og ei god historie
Kafferedet er eit lite brenneri på Laksevåg i Bergen. Vi brenner økologisk kaffi kvar veke og pakkar han i posar der kvar etikett har sitt eige motiv og si eiga forteljing.

Nina
Grunnleggjar & etikettdesignar
Korleis det starta
Det byrja med ein laptop, eit ark og ein kopp kaffi. Nina ville gje bort noko som var meir personleg enn ein vanleg pose frå butikken, noko mottakaren faktisk ville lesa, og kanskje ta vare på.
I dag teiknar ho framleis kvar einaste etikett sjølv, og skriv ei lita historie på baksida av kvar pose.
Nina, Kafferedet«Det du held i hendene er meir enn kaffi, det er ei gåve som vert hugsa.»
Frå bønne til pose
01
Bønna
Økologisk og Debio-sertifisert, rettferdig handla frå gardar vi kjenner.
02
Brenninga
Brend i små parti på Laksevåg, kvar einaste veke.
03
Etiketten
Teikna av Nina, med ei lita forteljing på baksida.
04
Posen
Pakka same veka som han er brend, og sendt rett til deg.




